Dukke Lise




Dette er den første dukka eg har laga. Eg må sei at det er vanskeleg å laga menneske/dukke ansikt. Det var kjekt å laga eigne kjolar, men det er litt vanskeleg å bytta kler på dukka.

Dinosaurus rex









Tanteungane mine gir meg stadig nye prosjekter. Det er kosleg å få nye utfordringar, og det blei eit bra resultat. I verklegheita er den endå finare.

Sauen


Her er bilete av ein sau eg har laga. Det var vanskaleg å få den til å likna på gamal dalasau, men eg syntes det blei  heilt ok. Håpar dei som skulle få denne i gave synes den er fin. Det var vanskeleg å få lausulla til å festa seg og sjå naturleg ut.








Smågåver


Julehjarter til å henga i heimen til jul


Ein nøkkelringbamse


Eit nøkkelringhjarta

Nålefiltbilete av ein barneteikning



For nokre år sidan fekk eg ein teikning som ein tanteunge av meg hadde laga. Denne tekninga synes eg var så stilig at eg kopierte den over på filt som eg igjen limte på eit lerret. Dermed hadde eg ein fin julegåve til foreldra til ungen.

Sidd frå Istid




Sidd i frå istid blei julegåve til søstra mi. Pappa og mamma synes den er stygg/rar.
Dei fleste andre synes den er stilig.
 

Mamutten frå Istid


Denne figuren frå istid fekk bror min til jul.


Rosa panter

filtdyr 021


Rosa panter er det første dyret som eg laga med streng inni, slik at ein kan bevega både føter og armar. Det var litt vanskeleg å stikka me nålene utan at dei traff strengen, men det gjekk nå bra til slutt.

08.nov.2009

Nisse:)


 Eg har laga nokre nissar til jul. Dei er ganske enkle, berre hua og hår/skjegg. Eg trur det er best om ein har 3 stk som står saman.
Les mer i arkivet » Mars 2010 » Februar 2010 » Desember 2009
Astrid

Astrid

32, Karmøy

Eg heiter Astrid og er 31 år. Eg er gift og bur på Karmøy. På fritida likar eg å holda på med nålefilt. Eg har laga meg denne bloggen for å visa kva ein kan laga ved hjelp av berre nokre nåler og ull. Ta kontakt med meg på stein.astrid@haugnett.no

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits